Blir ein elev utsett for ei ulykke, blir dette som regel dekt av ei eiga kommunal ulykkesforsikring.
Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gje dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet. Forsikringssummen ved varig medisinsk invaliditet er fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og ved død 1 G.
Forsikringa gjeld ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne eller born i skulefritidsordninga.
Forsikringa gjev eleven dekning for ulykkesskade som har hendt
For elevar ved internatskular gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skulen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.
Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga når årsaka til skaden er
Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Eleven har dei same rettane ved eit forsikringsoppgjer som andre forsikringstakarar. Sjå forsikringsavtaleloven fjerde del om personforsikring og forskrift til opplæringslova kap. 8 Ulykkesforsikring for elevar.
Tjenesten oppdatert: 30.11.2022 15:33