Alle verksemder som sel tobakk må registrere seg i Tobakkssalgsregisteret. Kommunen vil få eit oversyn over alle salsstadar og har ansvar for å føre tilsyn med rutinane til salsstaden for å førebyggje sal av tobakksvarar og e-sigarettar til mindreårige.
Alle salsstader for tobakk må også kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen.
Alle verksemder som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater (som e-sigarettar) skal sjølv registrere salsstadane sine i Tobakkssalgsregisteret. Sal av tobakksvarar eller tobakkssurrogater på stadar utan registrering er ulovleg.
Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversyn over salsstadar som sel tobakk.
Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salsstaden som er registreringspliktig. Dersom verksemda har fleire salsstadar, skal kvar enkelt salsstad registrerast.
Registreringsplikta gjeld både fast og mellombels sal.
At alle salsstadar må registrerast inneber at omreisende sal berre er tillate der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan førae tilsyn der salet skjer til kvar og ei tid. Unntak gjeld for tog og skip som er kollektive transportmiddel og cruiseskip, som Helsedirektoratet skal føre tilsyn med.
Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må registrerast i Einingsregisteret.
Folkehelseloven
Registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer
Tobakksskadeloven
Dei som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater må registrere seg i tobakkssalgsregisteret.
Registrering skje seinst 14 dagar før salet startar, for å sikra at kommunen kan planleggje og føre tilsyn.
Innlogging skjer ved bruk av ID-porten/MinID.
For å kunna registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemd rolle i verksemda, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller lignande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda.
Tobakksalgsregisteret https://tbr.helsedirektoratet.no/
Viss du er misnøgd med tilsynet til kommunen eller du ynskjer å klage på sanksjonar du har fått, vert gjort dette til statsforvaltaren. Det er folkehelseloven kapittel 3 som gjeld for klagehøvet ditt.
Tjenesten oppdatert: 09.11.2022 09:22