Tilskot til drenering - søknad
Som eigar av jordbruksareal kan du søkje om tilskot til drenering. For planerte areal kan ein òg få tilskot til areal som ikkje tidlegere er grøfta.
Tenesteomtale
Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord - til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det også bli gjeve tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.
God drenering (grøfting) er viktig for å få gode avlingar. Store delar av dyrkajorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gjev dårlege veksttilhøve for plantane og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegere kvalitet. Dårleg drenert jord gjev òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.
Målgruppe
Eigar av, eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering
Kriterium/vilkår
Tilskotet kan ein ikkje gje der tiltaket fører til
-
monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
-
stor fare for flaum og vassureining
-
fare for skade på automatisk freda kulturminne
Tilskot kan ein heller ikkje gje der tiltaket er starta før tilskotet er innvilga.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Kulturminnemyndet (kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen og Sametinget) skal uttale seg når tiltaket kan involvere interesser innanfor deira fagområde.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-Porten i Altinn.
Vedlegg
Obligatorisk vedlegg:
Andre aktuelle vedlegg:
-
avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket
-
dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering.
Høve til å klage
Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til statsforvaltaren.
Tjenesten oppdatert: 13.04.2021 21:03