Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hos jordmor på helsestasjon. Du kan velje om du vil gå til fastlegen din eller jordmor. Tilbodet er gratis, og skal sørje for at du får råd og rettleiing, slik at både du og barnet har det best mogleg.
Er du gravid, kan du få svangerskapskontroll på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å tinge time.
Svangerskapskontrollen skal bidra til å gje deg god helse under svangerskapet. Du kan òg få rådgjeving knytt til samliv og til foreldrerolla. Foreldreførebuande kurs skal styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.
Gravide
Graviditet
Tenesta er gratis.
Dette er ei lovpålagd teneste. Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
Forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Tjenesten oppdatert: 13.04.2021 20:43