Har du ei bedrift i oppstartsfasen eller søkjer du investeringsstønad? Det finst lokale, regionale og nasjonale stønadordningar du kan søkje om. Kommunale og regionale ordningar blir kunngjorde på nettsida regionalforvaltning.no.
Alle søknader til næringsfond blir behandla gjennom portalen regionalforvalting.no. Løyving av tilskot eller avslag på tilskotssøknad er enkeltvedtak. Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samtidig få opplyst når ein meiner at vedtaket kan fattast.
Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen opprettheld avgjerda, blir saka send vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 10.06.2022 13:33