Etter ein hogst skal ny skog etablerast. Dette er skogeigars oppgåve. Viss skogeigar ønskjer å skifte treslag i skogen som er hoggen, må kommunen involverast. Formålet er at skogforynging skjer med dei treslaga som utnyttar vekstforholda best, samtidig som det er rom for ein variert og mangfaldig skog. Lauvskogproduksjon krev tettare oppfølging frå skogeigar for å gi tilfredsstillande resultat enn ein bartreproduksjon. Kommunen kan òg gi rettleiing til god tilrettelegging for forynging og skogproduksjon.
Skogeigar pliktar å plante ny produktiv skog etter ein hogst. I forskrift om berekraftig skogbruk blir det gitt krav til korleis skogforynging skal skje. Tilfredsstillande forynging blir basert på ein tabell som oppstiller anbefalt plantetal og krav om minste lovlege plantetal per dekar. Det skal ønskjast eit minimum på 10 % lauvtre ved forynging i barskog.
Skogeigar må søkje kommunen om godkjenning når:
Skogeigar skal sende melding til kommunen når:
Skogeigarar.
Plikta til å sende melding eller søkje til kommunen er lovpålagd. Sjå spesielt
Skogbrukslova § 6 og forskrift for berekraftig skogbruk §§ 5, 6, 7 og 8.
Skogbrukslova
Forskrift om berekraftig skogbruk
Forvaltningsloven
Søknad om godkjenning skal gjerast innan 6 månader etter at hogsten er skjedd.
§ 7 i forskrift om berekraftig skogbruk gir krav til kva som blir rekna som tilfredsstillande forynging.
Skogeigar skal ha ein dokumentert plan for skjøtsel òg av lauvtrebestandet med mål om god skogproduksjon.
Kommunen kan gi rettleiing til god tilrettelegging for forynging og skogproduksjon.
Dersom skogeigaren ikkje oppfyller foryngingsplikta, kan kommunen påleggje skogeigaren å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir foryngt.
Kommunen må varsle skogeigaren om eit mogleg vedtak om pålegg.
Kommunen fører tilsyn med reglane om forynging. Kommunen har derfor rett til tilkomst til skogen og rett til innsyn i dokumentasjonen til skogeigedommen.
Er du usamd med kommunevedtaket i samband med søknadsbehandlinga kan du klage til statsforvaltaren.
Tjenesten oppdatert: 03.10.2023 10:42