Sikring og rehabilitering av bygg
Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal kommunen gjere det mogleg å kome raskt i gang med sikring og rehabilitering av bygget.
Tenesteomtale
Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal du kunne setje i gang rehabilitering av bygget utan å søkje kommunen og utan å varsle naboar. Ein eventuell førehandskonferanse skal haldast innan 5 dagar etter hendinga.
Eksempel på sikringstiltak er:
-
opning av konstruksjonar og brannskilje
-
etablering av mellombels bering og understøtting
-
mellombels tetting og sikring
-
fjerning av øydelagde bygningsdelar og installasjonar
-
fråkopling av vatn og avløpsleidningar
Målgruppe
Bustadeigarar og bedrifter.
Kriterium/vilkår
Ein må ta vare på persontryggleiken på vanleg måte for å bruke bygget.
Den som er ansvarleg for å sikre bygget, må passe på at sikringstiltaka følgjer reglane i plan- og bygningslova.
Dersom bygget er verneverdig, må eigaren avklare nærare med kommunen før tiltaka blir sette i gang. Dette blir gjort i ein førehandskonferanse som skal gjennomførast innan 5 dagar etter at hendinga skjedde.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 09:42