Samvære med barn under offentleg omsorg
Har du barn i fosterheim eller på institusjon har de rett til samvær og kontakt, så lenge det er til det beste for barnet.
Tenesteomtale
Både barnet og foreldra har rett til samvær og kontakt med kvarandre. Det er barneverns- og helsenemnda som avgjer korleis samværet skal skje og kor mykje kontakt de skal ha. Nemnda skal gjere ei vurdering i kvar enkelt sak. Vurderinga skal baserast på kriterium som barnet sitt behov for vern, barnet si utvikling, i tillegg til familien sin moglegheit til å bevare eit familieliv og til å styrkje banda mellom seg.
Samværet skal vere til barnet sin beste, og barnet sitt syn vil vere viktig ved vurderinga.
Målgruppe
Foreldre og i meir spesielle situasjonar også besteforeldre, sysken, onklar/tanter eller nære venner av barnet.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Når graden av samvær er bestemt, skal barnevernet utarbeide ein samværsplan for kontakten med foreldre, sysken og andre som er nære barnet.
Barnevernet skal med jamne mellomrom undersøkje om forholda har endra seg i heimen, for å sjå om det er grunn til å vurdere vedtaket på nytt.
Høve til å klage
Ein samværsplan er ikkje eit vedtak som du kan klage på. Men etter 18 månader kan foreldre krevje at nemnda behandlar heile saka på nytt.
Dersom du meiner at barnevernstenesta si saksbehandling i samanheng med utforming av samværsplanen er feil, eller at tilrettelegging for kvaliteten på samværa ikkje er god nok, kan du ta dette opp med barnevernstenesta, eller eventuelt sende ei tilsynsklage til statsforvaltaren.
Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 09:36