COVID19

Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19

Regjeringen publiserte nye Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19 (Corona virus) som gjelder fra 12.3.2020 klokken 18:00
Pendler skilt

Informasjon til pendlere.

Vardø kommune vil så langt det lar seg gjør å legge til rette for pendlere slik at det vil være mulig å jobbe i annen kommune. Dette gjelder alle og i...
christmas-508218_1280

TENNING AV JULEGRANA I GLASSHUSET I VARDØ

  Programmet for dagen: Kl. 11.00                               Gudstjeneste i Vardø kirke kl. 13.30 – 17.00              Kafè i glasshuset (...

Barnehage- og SFO faktura for mars

Barnehagefaktura som forfalt 20.mars gjelder for oppholdet i mars. Det vil si at det er blitt fakturert for oppholdet 12.-31.mars. Dette beløpet v...
Vardø mot nord

Ønsker du å drive fiske ut fra Vardø?

Her er retningslinjene for å drive med fiske ut fra Vardø. Med noen enkle tiltak så vil du som fisker være i tråd med lokale og nasjonale retningsl...
telefon psykriatrien

Psykiske helsetjenester

I forbindelse med Covid19 pandemien som pågår nå er det mange som har fått endret sin hverdag. Vi er i en uvanlig situasjon som kan føre til ensomhet ...

Alarmtelefonen for barn og unge

Manglende dagtilbud og karantene kan føre til at barn som opplever skadelige hjemmesituasjoner er enda mer sårbare i denne tiden. Det er derfor vik...
<<Prev Next>>

Opplæring for elevar som bruker alternativ kommunikasjon (ASK)

Elevar med talevanskar har rett til å få tilpassa kommunikasjonsformer i opplæringa.

Tenesteomtale

Barn, unge og vaksne som heilt eller delvis manglar tale, vil ha behov for alternative kommunikasjonsformer for å gjere seg forstått. ASK er alternativ og supplerande kommunikasjon. Det kan til dømes vere ved bruk av handteikn, fotografi, grafiske symbol og fysiske gjenstandar.
 
Skulen vil skaffe til vegar nødvendig utstyr for å kunne tilby ein elev ASK, og opplæring i bruk av utstyret.
 
Elevar i grunnskulealder med behov for ASK har rett til å gå på nærskulen.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt 
Opplæringslova § 11-12.

Opplæringslova
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Skulen pliktar å gi tilpassa opplæring og det er ikkje alltid nødvendig med enkeltvedtak for å tilby ASK. Det er ikkje ei teneste som foreldre kan søkje om. Som regel er den delen av tilbodet om individuelt tilrettelagt opplæring, tekniske hjelpemiddel eller personleg assistent.

Saksbehandling

Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:09