COVID19

Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19

Regjeringen publiserte nye Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19 (Corona virus) som gjelder fra 12.3.2020 klokken 18:00
Pendler skilt

Informasjon til pendlere.

Vardø kommune vil så langt det lar seg gjør å legge til rette for pendlere slik at det vil være mulig å jobbe i annen kommune. Dette gjelder alle og i...
christmas-508218_1280

TENNING AV JULEGRANA I GLASSHUSET I VARDØ

  Programmet for dagen: Kl. 11.00                               Gudstjeneste i Vardø kirke kl. 13.30 – 17.00              Kafè i glasshuset (...

Barnehage- og SFO faktura for mars

Barnehagefaktura som forfalt 20.mars gjelder for oppholdet i mars. Det vil si at det er blitt fakturert for oppholdet 12.-31.mars. Dette beløpet v...
Vardø mot nord

Ønsker du å drive fiske ut fra Vardø?

Her er retningslinjene for å drive med fiske ut fra Vardø. Med noen enkle tiltak så vil du som fisker være i tråd med lokale og nasjonale retningsl...
telefon psykriatrien

Psykiske helsetjenester

I forbindelse med Covid19 pandemien som pågår nå er det mange som har fått endret sin hverdag. Vi er i en uvanlig situasjon som kan føre til ensomhet ...

Alarmtelefonen for barn og unge

Manglende dagtilbud og karantene kan føre til at barn som opplever skadelige hjemmesituasjoner er enda mer sårbare i denne tiden. Det er derfor vik...
<<Prev Next>>

Opplæring for elevar med høyrselshemming

Elevar med høyrselshemming skal få tilrettelagde hjelpemiddel og tilrettelagt opplæring slik at dei kan gå på skulen som andre barn.

Tenesteomtale

Som forelder for eit barn med høyrselshemming kan du velje om barnet skal få opplæring i å bruke teiknspråk og dessutan å få all opplæringa sin på teiknspråk.
 
For mange elevar med høyrselshemming vil det vere ein fordel å vere i eit miljø med andre som bruker teiknspråk, og det vil vere ei moglegheit for at teiknspråkopplæringa i heile kommunen samlast på éin skule.
 
Frå og med 8. trinn kan eleven sjølv velje om dei vil ha opplæring i og på teiknspråk.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 3-4
Folketrygdloven § 10-7
Barnehageloven § 38

Barnehageloven
Folketrygdloven
Opplæringslova
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du treng ikkje leggje fram medisinsk dokumentasjon på høyrselshemminga. Det held å seie frå til skulen. Det er likevel mogleg at skulen vel å hente inn ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta for å tilpasse undervisninga best mogleg.
 
Avgjerd om å gi opplæring i og på teiknspråk er eit enkeltvedtak.

Saksbehandling

Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:08