Du som er skogeigar, kan søkje om ei rekkje tilskot som skal stimulere til auka verdiskaping i skogen, samtidig som biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir tekne vare på og vidareutvikla.
Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til
Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.
Skogeigarar
Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til
Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) skrivast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med statsforvaltaren for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.
Statsforvaltaren gjer vedtak om tilskott til
Elles er det kommunen som er vedtaksmyndigheit.
Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tjenesten oppdatert: 22.03.2021 12:38