Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve av kommunen.
Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve frå kommunen. Til å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Godkjenning for å oppbevare fyrverkeri blir gjeven for mengder til og med 500 kg. For større mengder enn dette må du ha godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Noregs branntekniske laboratorium godkjenner fyrverkeri på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Sjå forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff § 1-3 for definisjon av fyrverkeri klasse I-IV. Sjå òg kapittel 9 Handel.
Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff
Eksplosivforskriften
Forskrift om brannforebygging
Forvaltningsloven
Forskrift om pyrotekniske artikler
Brann- og eksplosjonsvernloven
Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved sals- og lagringsstaden. Også kompetansen til den ansvarshavande/avløysaren (dokumentasjon om gjennomført kurs) vil bli vurdert. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplysningar om når ein kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 16.02.2022 16:01