Du kan søkje om å få sett ned eller ettergitt eigedomsskatten dersom det har oppstått forhold som gjer det svært urimeleg å krevje han inn.
Du kan søkje om å få sett ned eller ettergjeve eigedomsskatten dersom det har kome til forhold som gjer det svært urimeleg å krevje inn skatten. Døme på slike forhold er sjukdom, brann eller naturkatastrofar.
Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.
Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagt eigedomsskatt
Nedsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren. Kommunen kan òg setje ned skatten på eige initiativ.
Formannskapet gjer vedtak om å setje ned eller ettergje skatten.
Det er ingen lovfesta rett til å klage. Du kan likevel søkje på nytt om du meiner at saka ikkje er utgreidd nok eller at situasjonen har endra seg.
Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 15:58