COVID19

Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19

Regjeringen publiserte nye Nasjonale tiltak i forbindelse med COVID19 (Corona virus) som gjelder fra 12.3.2020 klokken 18:00
Pendler skilt

Informasjon til pendlere.

Vardø kommune vil så langt det lar seg gjør å legge til rette for pendlere slik at det vil være mulig å jobbe i annen kommune. Dette gjelder alle og i...
christmas-508218_1280

TENNING AV JULEGRANA I GLASSHUSET I VARDØ

  Programmet for dagen: Kl. 11.00                               Gudstjeneste i Vardø kirke kl. 13.30 – 17.00              Kafè i glasshuset (...

Barnehage- og SFO faktura for mars

Barnehagefaktura som forfalt 20.mars gjelder for oppholdet i mars. Det vil si at det er blitt fakturert for oppholdet 12.-31.mars. Dette beløpet v...
Vardø mot nord

Ønsker du å drive fiske ut fra Vardø?

Her er retningslinjene for å drive med fiske ut fra Vardø. Med noen enkle tiltak så vil du som fisker være i tråd med lokale og nasjonale retningsl...
telefon psykriatrien

Psykiske helsetjenester

I forbindelse med Covid19 pandemien som pågår nå er det mange som har fått endret sin hverdag. Vi er i en uvanlig situasjon som kan føre til ensomhet ...

Alarmtelefonen for barn og unge

Manglende dagtilbud og karantene kan føre til at barn som opplever skadelige hjemmesituasjoner er enda mer sårbare i denne tiden. Det er derfor vik...
<<Prev Next>>

Driftsbygning i landbruket

Dersom du skal oppføre ein driftsbygning på gardseigedommen din, må du søkje kommunen om løyve.

Tenesteomtale

Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve. Arealet kan vere inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). Du må òg søkje om løyve dersom du skal gjere omfattande endringar eller reparasjonar eller du ønskjer å rive bygningen.

Skal du byggje over 1000 m² driftsbygning, er han ikkje ein alminneleg driftsbygning etter lova, og du må sende inn full søknad etter pbl. § 20-1.

Kriterium/vilkår

  • Nabovarsling må vere gjort
  • Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Pris for tenesta

Du betaler eit gebyr for saksbehandlinga.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå
Plan- og bygningsloven § 20-1, § 20-2, § 20-4 og kapittel 29
Byggesaksforskriften § 3-2 og § 7-6.

Forvaltningsloven
Byggesaksforskriften (SAK 10)
Plan- og bygningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå eitt eller fleire av vilkåra (sjå over).

Vedlegg

  • Situasjonskart
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
  • Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader

Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig. 
 

Saksbehandling

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.

Saksbehandlingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå anna myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det derimot kome protestar frå naboar/gjenbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyve for gjeve.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 25.02.2021 12:23