Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som skal gi alle skuleelevar høve til å oppleve kunst og kultur av alle slag.
Tenesteomtale
Som skuleelev får du tilgang til gode kulturopplevingar gjennom den kulturelle skulesekken. Tilbodet skal vere profesjonelt og breidt og dekkjer mellom anna musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, film og kulturarv. Målet er at alle elevane skal bli kjende med og utvikle forståing for ulike kunst- og kulturuttrykk. Dette er òg i tråd med måla i dei ulike læreplanane for skulen.
Målgruppe
Den kulturelle skulesekken gjeld elevar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen - uavhengig av bakgrunn og kva for skule du går på.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet legg dei overordna føringane. Tiltaket blir i hovudsak finansiert av spelemidlar. I tillegg bidrar fylkeskommunen, kommunen og kulturinstitusjonar. Fylkeskommunen forvaltar midlane til regionale og lokale tiltak.
Tjenesten oppdatert: 04.05.2020 13:18