Kommunale avgifter bidreg til å finansiere ulike tenester og infrastruktur som er nødvendige for å halde oppe eit velfungerande samfunn. Som innbyggjar betaler du blant anna for vatn, avløp, tømming av avfall og feiing.
Dei kommunale avgiftene kjem samla på ein faktura som gjerne kjem to eller fleire gonger i året. Som innbyggjar betaler du ei årleg avgift for desse tenestene:
Avgiftene gjeld for alle som eig ein bustad eller fritidsbustad i kommunen.
Prisen på avgifta er berekna ut frå prinsippet om sjølvkost. Det betyr at kommunen ikkje kan krevje meir i betaling enn det faktisk kostar å tilby tenesta.
Sjå spesielt:
Vass- og avløpsanleggslova
Forureiningslova § 34
Brann- og eksplosjonsvernlova § 28
Forureiningsforskrifta kapittel 16.
Vass- og avløpsanleggslova
Forurensningsloven
Brann- og eksplosjonsvernloven
Forurensningsforskriften
Tjenesten oppdatert: 26.06.2023 12:42